Vi lagar vi ein fakkelring rundt Herøy kyrkje der Suel sit i asyl. Bli med og markere at DU støttar Suel si sak. Kom til Fosnavåg og bli med i fakkelringen – vi skal vise omverda at vi er mange som slår ring om Suel. Det blir allsong og appellar.
Det er meldt ein del vind under arrangementet, men det hindrar oss ikkje i å lage ein stormring rundt Suel.
Ta med noko som lyser i tilfelle vi ikkje kan tenne faklar. Herøy kyrkje tysdag 27. februar kl 20.
Les meir om arrangementet på Facebook
Rettssak 23.–24. november 2023 i Oslo tingrett
Suel Kassembo har levd som ikkje returnerbar i 19 år. UDI trudde han laug om opphav og alder. Difor fekk han avslag på søknad om opphald og vedtak om utvising. Det er no bevist at Suel har snakka sant heile tida. I staden for å innrømme feil i sakshandsaminga si vil staten v/UNE no sende han til Burundi, landet han flykta frå når heile familien hans vart drepen. Hadde norske myndigheiter trudd på han for 19 år sidan hadde han mest sannsynleg fått norsk statsborgarskap.
Suel går no til sak mot den norske stat v/UNE, etter at innsamlingsaksjon og ulike støttearrangement har skaffa pengar til å gjennomføre rettssak. Utlendingsnemnda sitt vedtak om avslag på opphaldsløyve og utvisingsvedtak skal prøvast for retten.
Alle som kjenner saka ristar på hovudet. Ingen ser rettferda i at han ikkje får bli. Suel har heile tida snakka sant, men myndigheitene har skulda han for løgn i 19 år. Likevel meiner UNE dei ikkje må stå til ansvar for feilen, det er Suel som må ta støyten. Dessverre kan det vere manglar i lovverket som gjer at det er sjanse for at staten vinn saka og sender Suel tilbake til Burundi. Folk kan vise si støtte til Suel si sak ved å møte opp som publikum under rettssaka.
Suel si sak er ikkje eineståande. Den siste tida har vi høyrt mange urovekkande saker om ureturnerbare personar. Personar som av ulike grunnar ikkje har identitetspapir. Når staten ikkje veit kvar ein person kjem frå, vert vedkomande «ureturnerbar», sidan staten ikkje veit om vedkomande har rett på opphald, og heller ikkje veit kva land vedkomande eventuelt skal sendast heim til. Dermed blir menneske verande i limbo, utan rett til arbeid, skulegang, helsetenester og økonomiske velferdsytingar.
Det har gjort stort inntrykk på mange å høyre om unge ureturnerbare asylsøkarar som berre forsvinn frå asylmottak. Ingen veit kvar dei er blitt av. Suel kunne ha vore ein av dei, men han har valt å bli og kjempe for saka si sjølv om han har hatt eit vedtak om utvising hengande over seg. Han har enorm støtte i nærmiljøet, berre på Runde med knapt 100 fastbuande er det blitt samla inn over 100.000,- kroner til å dekke rettssaka.
Mange har tatt til orde for at lovverket og UNE si tolking av lovverket må endrast for at Suel og andre i tilsvarande situasjon skal få ei rettferdig handsaming. No har vi ei sak der eit heilt samfunn står bak og støttar ein ureturnerbar – det er sjeldan ein ureturnerbar får anledning til å føre saka si mot staten. Ein siger for Suel vil vere ein siger for mange si same situasjon. Det kan opne for ei meir rettvis handsaming av denne gruppa, noko som vil medføre at talet på unge asylsøkarar som blir sporlaust borte kan gå ned.