Status pr. 5. juni 2026
Les saka i Vestlandsnytt
Suel tilbake 12. juni etter fengsling 27. mai 2026
Suel blir beskytta av lokalsamfunnet. Han sat i kyrkjeasyl medan han kjempa for rettferd. Bildet er frå då folk laga fakkelring rundt kyrkja. Foto: Per Eide Studio
Mor, far og veslesyster til Suel Kassembo blei drepne i heimen deira i 2004 medan Suel var på skulen. Suel flykta frå Burundi og enda opp i Norge. Han hadde ikkje ID-papir. Han kunne ikkje hente dei sidan han stod i fare for å bli drepen om han drog heim.
Les den gripande historia på www.suel.no og del gjerne adressa til andre – denne saka må få nasjonal merksemd.
Norske myndigheiter trudde ikkje på han, og nekta han opphald. Han blei utvist frå Norge, men lokalsamfunn på Søre Sunnmøre trudde på Suel og verna om han. Suel har budd her i 20 år og er fullstendig integrert i samfunnet. Han har ein stor venneskare, og har fast jobb innan service og reiseliv.
Suel har i nyare tid lukkast i å skaffe papir som viser at han har snakka sant heile tida. Papira er verifiserte av den burundiske ambassaden i Berlin, beviser at han skulle hatt opphald då han kom. Men norske myndigheiter nektar å innrømme at dei gjorde ein feil, og dei vil ikkje behandle saka på nytt. Suel si sak har vore behandla i tingretten og lagmannsretten. Myndigheitene held fast på at Suel skal sendast ut av Norge. Sjølv om nye bevis slår fast at han skulle hatt opphald då han kom.
Har ikkje asylsøkjarar rettstryggleik i Norge, slik at nye bevis kan føre til endra svar i Utlendingsnemnda og/eller i norsk rettsvesen? Handsaming av asylsaker som ikkje samsvarar med vanleg norsk rettspraksis kan sette tillit til rettssystemet i fare. Suel sin kamp er ein kamp for vanlege folk si rettskjensle.
Du kan støtte Suel ved å vippse til 55840. Du kan også signere på oppropet.
Takk til alle som støttar Suel sin kamp for rettferd ❤️
Suel si sak er sjokkerande – få innsikt i saka
Støttegruppa vil at flest mogleg skal vite om uretten som Suel er utsett for.
Slik kan du orientere deg om Suel-saka:
Dekning i media
Suel si sak får stadig meir merksemd i norske media. Her finn du omtale og reportasjar:
Aviser og nettaviser
- NRK Gratis
- Sunnmørsposten +
- Vestlandsnytt +
- Vikebladet Vestposten +
- VG Gratis
- Nærnett Gratis
- Klassekampen +
- Aftenposten +
- Vårt Land +
TV-reportasjar
- NRK M&R 27.05.2026: Suel arrestert og henta ut av kyrkjeasyl Gratis
- NRK M&R 28.05.2026: Engasjement for Suel Gratis
- NRK M&R 29.05.2026: Demonstrasjon for Suel Gratis
- NRK M&R 01.06.2026: Suel blir sluppen ut av Trandum Gratis
- NRK M&R 04.06.2026: Utsending av Suel hindra Gratis
- NRK M&R 12.06.2026: Suel på helgeperm på Runde Gratis
- Fleire TV-reportasjar om Suel på NRK Gratis
Andre oppslag
Vil du støtte Suel med eit månadleg beløp?
Han fell utanfor alle statlege ordningar, og har ikkje rett på støtte til husleige og livsopphald. Han har ikkje lov til å jobbe eller tene pengar. Helsetenester og andre offentlege ytingar har han heller ikkje rett på.
Difor har vi starta ei kronerulling dedikert til dette, slik at Suel har noko å leve av og å betale rekningar med.
Støttegruppa har etablert ei ordning der ein kan betale inn ein månadleg sum. Vi håpar at støttespelarar vil gi eit valfritt månadleg beløp. Det er også fint om du vil oppfordre vener og kjende til å støtte saka!
Det er Rettferd for Suel som disponerer kontoen. Alt som kjem inn som faste bidrag er øyremerka livsopphold for Suel.
Du kan bli månadsgjevar på Vipps ved å sende til nummer 55840. (OBS: Nytt Vipps-nummer). Beløpet du vel blir belasta i dag, og du kan velje kva dato du blir belasta dei neste månadane.
Alternativet er å opprette AvtaleGiro til kontonummer 3905.35.28620. Framgangsmåten kan variere frå bank til bank. Om du treng hjelp til å opprette AvtaleGiro er det enklast for deg å ta kontakt med banken din.
Suel og støttegruppa vil rette stor takk til alle som støttar han ❤️
Takk for all støtte
Både styret i støttegruppa og støttespelarar har bidratt og bidrar på dugnaden for ei rettferdig behandling av Suel. Staten har store midlar som dei brukar av for å få Suel landet. For Suel har gode advokatar vore avgjerande i kampen for ei rettferdig behandling. Vi vil gjerne takke alle som støttar saka. Spesiell takk til alle artistar som har stilt opp gratis på konsertane vi har arrangert til inntekt for saka. Det har vore konsertar i Ulstein kyrkje, på Runde bedehus, og to store konsertar i Herøy kyrkje.
- Syng med oss på Runde – Start ca. 5'40" Nærnett (Gratis)
- Konsert i Ulstein kyrkje 2023 Facebook
- Stjernekonsert for Suel 2025 Facebook
- Støttekonsert for Suel 2026 Facebook
Status – kvar står saka?
Suel vann ikkje fram i lagmannsretten, og saka har fått avslag på å bli handsama i høgsterett. Saka er også avvist av den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, utan at det er oppgitt noko årsak til avvisinga. Støttegruppa jobbar vidare på fleire måtar for at Suel skal få bli. Det har vore mange feil i behandlinga av Suel si sak, og staten bør rette opp i desse feila.
Oppdatering 8. juni 2026
Suel blei arrestert, tatt ut av kyrkjeasyl, send til Trandum og planlagt utsend. Etter nokre rundar i rettssystemet forkasta Høgsterett politiet sin anke. Likevel får ikkje Suel reise heim til Herøy og ha meldeplikt der. I staden må han opphalde seg i Oslo og melde seg for politiet der 3 gongar kvar veke i 4 veker. Han har likevel fått lov til å reise heim på perm, sjå reportasje om det i NRK M&R.
For fleire detaljar, sjå denne saka i Vestlandsnytt
Sjå også Dokumentasjon og ulike ID-bevis.
Kva har staten gjort feil?
Du kan sjå ei samla oversikt over feil som staten har gjort på sida med Dokumentasjon, eller få raskt innblikk i feil som staten har gjort (Scrollehistorie). Du kan også teste deg sjølv og samtidig få djupare innsikt i feila (Quiz).
Bevis på at Suel skulle hatt opphald
Gong på gong har staten nekta å tru på historia til Suel. Papira han no har skaffa er gjennomgått og verifisert av den burundiske ambassaden, og beviser at Suel var mindreårig, og dermed skulle ha fått opphald då han kom.
Livet i kyrkjeasyl
Suel sat i kyrkjeasyl frå 27. november 2023 til 27. mai 2026. Det er over 900 dagar.
Sjå reportasje i NRK om tida i kyrkjeasyl
Det ligg fleire lenker til reportasjar og artiklar lenger nede på sida.
Kvifor var Suel i kyrkjeasyl?
Då Suel tapte saka mot staten i tingretten, vart den midlertidige forføyninga han fekk hausten 2023 kjend ugyldig, og han mista dermed moglegheita til å opphalde seg lovleg i Noreg.
Støttegruppa Rettferd for Suel fann det svært urimeleg at han ikkje skulle få lov til å vere med i si eiga rettssak. Særleg med tanke på at han først fekk midlertidig forføyning slik at han ikkje kunne sendast ut av landet.
Difor tok støttegruppa kontakt med sokneråd, prest og kyrkjeverje i Herøy, og gjorde avtale om at Suel fekk tilgang til å gå i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. På den måten hadde han eit vern medan han kjempa for saka si.
Suel i lagmannsretten
9.–11. oktober 2024
Staten har ikkje trudd på Suel sine papir som viser at han var mindreårig då han kom. Vi har likevel fått nytt håp om at Suel si sak kan få ei rettvis ending slik at Suel får opphald.
Advokat Arild Humlen representerer Suel i lagmannsretten seier at det ikkje er avgjerande at staten trur at Suel vart fødd i 1988. Uavhengig av alder har han rett til status som flyktning etter FN's konvensjon.
Opprop
Alle som vil vise at dei støttar Suel si sak kan skrive under på eit generelt opprop til støtte for Suel. Over 10.000 personar har signert dette oppropet som du finn her.
Det er også laga eit eige opprop signert av politikarar, næringslivsleiarar og andre kjende personar. Det oppropet finn du her.
Følg saka
-
Mai–juni 2026
Pågripen og forsøkt utsend
Suel blei pågripen 27. mai, tatt ut av kyrkjeasyl, send til Trandum og planlagt utsend. Etter nokre rundar i rettssystemet forkasta Høgsterett politiet sin anke, og Suel skulle få vere heime i Herøy kommune på Sunnmøre med meldeplikt for politiet der. Nokre dagar seinare bestemte politiet at han ei tid må opphalde seg i Oslo og i staden ha meldeplikt for politiet der.
For fleire detaljar, sjå denne saka i Vestlandsnytt
-
2025
Andre år i kyrkjeasyl
Suel sit for andre år i kyrkjeasyl. Anken til Høgsterett er avvist, og saka vil ikkje bli behandla der. Saka er også avvist av den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, utan at det er oppgitt noko årsak til avvisinga. Støttegruppa jobbar vidare for å få rettferd for Suel.
- Leiar i Vestlandsnytt
- Sterkt møte med Suel (Vestlandsnytt)
- NRK følger saka
-
Hausten 2024
Lagmannsretten 9.–11. oktober
Suel har vore i kyrkjeasyl sidan nyttår. Saka går i lagmannsretten 9.–11. oktober.
- NRK (Gratis)
- Nærnett (Gratis)
- Sunnmørsposten (+)
- Vestlandsnytt (+)
Suel har gått i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. Her er lenker til nokre av oppslaga i media:
- Aftenposten (+)
- NRK (Gratis)
- Vestlandsnytt (+)
- Vikebladet Vestposten (+)
- Sunnmørsposten (+)
- Vårt Land (+)
- Vårt Land (+)
- Sunnmørsposten (+)
- Dagen (+)
- Vestlandsnytt (+)
- NRK fjernsyn (Gratis)
- Vårt Land (+)
- Sunnmørsposten (+)
- Sunnmørsposten (Gratis)
- Vikebladet Vestposten (Gratis)
- Framtida (Gratis)
Suel tapte i rettssaka mot staten. Dommen vil bli anka.
1. desember – media
- – Eit paradedøme på sjølvmotsetjing – Lesarinnlegg i Sunnmørsposten
- Ny dokumentasjon må gi Suel opphold – Leiar i Sunnmørsposten
- «Forhåpentlegvis vinn rettferda denne gongen…» – Kommentar i Vestlandsnytt
- – Politiet og utlendingsmyndigheten har gjort en elendig jobb – Sunnmørsposten
- I konflikt med allmenn rettskjensle – Dag og Tid
- – Noreg går for langt i å mistru – Vestlandsnytt
21. november
Oppropet til støtte for Suel har passert 10.000 underskrifter!
20. november
Suel si sak var mellom hovudoppslaga i Aftenposten. Godt å sjå at uretten blir lagt merke til av dei store avisene.
19. november
Om lag 100 personar gjekk i fakkeltog på Runde til støtte for Suel. Sjå bilder og video.
15. november
Rettssaka nærmar seg. Det er samla inn pengar på fleire måtar. Runde blandakor og Runde husmorlag samla inn over 100.000,-. I Ulsteinvik var det støttekonsert som samla inn over 60.000,-. I tillegg har mange støtta saka på Vipps (210.000,-) og spleis m.m. Totalt er det samla inn om lag 400.000,-.
19. september
Den lokale støtta til Suel fyller framsida på Vestlandsnytt.
Gripande reportasje om støttearrangementet i Nærsynet – Start ca. 5'40"
-
7. august
Suel blir transportert til Trandum utlendingsinternat med beskjed om at han skal bli uttransportert neste dag. Advokat sender inn sak med krav om «midlertidig forføyning».
-
8. august
Det er støttemarkering for Suel i kommunestyresalen på Herøy rådhus i Fosnavåg. Det utrulege skjer: Dommaren innvilgar «midlertidig forføyning» berre kort tid før politiet skulle hente Suel for uttransportering. Dermed blir utsendinga avverga, og Suel får anledning til å bli i Norge.
- NRK, VG og Vestlandsnytt
- NRK Distriktssending på TV (ca. 6'15'')
-
9. august
Suel kjem heim til Sunnmøre. Det er mykje klemming og gledestårar. Nokre av støttespelarane samlar seg og planlegg oppretting av støttegruppe.
-
10. august
-
11. august
-
12. august
Etter 2 dagar har spleisen allereie samla inn nesten 100.000,– som er 20% av målet!
-
18. august
-
19. august
- Spleisen har passert 150.000,– !!
- Støttegruppa er formelt etablert
- Det er signert avtale med advokatar som startar saksførebuing komande månad
-
20. august
UNE har fått frist til 1. september med å kome med tilsvar på rettens kjennelse frå 8. august, som innvilga Suel «midlertidig forføyning».
-
4. september
Datoar for hovudforhandlinga i Suel si sak mot staten er sett til 23. og 24. november 2023.
-
17. september
Runde blandakor arrangerte konsert med allsong, artistar, kaffi, kaker og loddsal. Inntektene blei over 57.000,–. I tillegg gir koret 25.000,– til Suel si sak.